onsdag 22. juli 2009

Rein refleks

Eg er ei av dei som aldri har blitt stoppa for å blåse, og det irriterar meg. Eg e naturleg nysgjerrig og lurar berre på korleis det er. Eg hugsar ein gang eg var ganske nær. Det var på Dingjadagen, eg var sjåfør og satt klin edru og varma på ein cola. Polisen sto mannsterke med blåsekontroll og eg hugsar eg tenkte ”endeleg!”, men nei.

Det vart den dagen eg var klar som eit egg, men ikkje fekk lov. Dei berre lo av meg og vinka meg vidare. Det lyste bortkasta blåserør og edru sjåfør lang veg, og dei hadde andre dei venta på som ville gje langt større utbytte. Så der røyk høvet til å få litt spenning i ein ellers gørrkjedelig kveld med endelaus venting.

Ellers er snikkøyring med nokre pils innabords reint for sport å rekne i distrikt prega av bortgjøymde skogsvegar, fråver av nattbuss og lav bemanning på lensmannskontora. Ein kjenner gjerne rutinane til gammal-lensmannen, og unngår ruten han tek før han legg seg. Når han så vel har lagt seg er det...mykje rart å sjå på kronglete vegar på landet. Og pussige parkeringsløysingar i buskar, kratt og jorder sundags morgon.

Annsleis er det på sumaren. Då sprett det opp lensmannsbetjentar som knott i torever mest overalt - uten fast jobb, full av nyklekt virkelyst og utidig ivrig i tenesten. Dei dukker frem overalt og sjekkar bilistar for belte, mobil og ellers alt dei kjem på. Dei hiv seg frem frå buskar, og kastar seg ut i dei mest attgløymde kryss. Det er like før dei dukkar opp i frysedisken mellom frosne erter og kvitlauksbrød, klare med blåseapparatet. For desse kadettane er ute og kontrollerar, overalt og til alle døgnets tider. Det er eit mareritt. Og slik går sumaren på landet.

Eg har sjølv ein bror som er purk – og til alt overmål er gift med ei av same sorten. Dei er alltid på jobb og du er nødt å passe kjeften. Eg gang vi køyrde i konvoy langs Sognefjorden teksta eg dei hjelpsamt sms-meldingar av kulturhistorisk interesse langs traseen. Etter nokre mil med - tykte eg - vellukka sms-guiding, tikka det brått inn eit spørsmål om eg ”godtok eit forenkla forelegg på 1300 kroner ?” Slikt er til å ta motet av eit kulturinteressert menneskje. Her prøver ein å opplyse den utøvande makt og kva får ein i retur? Eit usunt fokus på reglar og orden, samt trugsmål om bøter og elendighet. Eg gret for framtida.

Men det er slik dei er politifolk. Ikkje noke er heilagt, og dei er alltid på jobb. Korkje Gulatinget, Vassbruksmiljøet eller Sognefjorden klarar å få desse til å skifte fokus frå jobb til fritid. Natur og kulturarv imponerar ikkje ein purk med utsikt til bøtelegging av eigen syster. Mange år som undertrykt lillebror har bygd seg opp til eit kaldt grin no som han endelig kan ta att for alt han måtte gjennomleve som småtass.

Eg veddar på at den dagen eg endeleg vert stoppa og beden om å blåse, så er det broderen som står der med stålblikk og lar utflukter prelle av - døv for henvisningar til felles genar og blodsband. Særbehandling av familiemedlemmar er utenkjeleg for ein mann som var født med lova i handen. Og hemnens time for barndommen er omsider her. It’s payback time. Mo-ha-ha-haaaaa! Eg grøssar ved tanken.

Eg vart ein gong stoppa i Brekke ein ellers vakker sumarskveld. Ikkje av broderen, men ein lokal spirrevipp. Diverre var det ikkje meg som køyrde og fekk blåst, eg sat i passasjersetet og leita panisk etter vognkort. Med stadig stigande uro. Låg det ikkje i hanskerommet likevel? Sveitta pipla fram i panna. Eg fann det mellom servicehefte, sminke og verktøy, gøymt under eit utal kvitteringar. Dei fekk ikkje noke på sjåføren, her var promillen på null, roen total og sertifikatet i orden. Og eg var jo ikkje sjåfør.

Til alt overmål var bilen utstyrd med refleksvest. Som var rein flaks, og resultat av eit kurs eg hadde tatt på Nynorsk mediesenter. Etter ein dag med presentasjonsteknikk og medietrening fekk alle utdelt ein kopp med blome og refleksvest med logo. ”Flott!” tenkte eg og la den i bilen. Så slapp eg bruke pengar på nok eit tussete påfunn frå trafikkmyndigheitene der aust. Så der sto vi i Brekke ein sumarskveld og glitra som eit glansbilete av trafikal prektigheit. Alt var på sin plass – eit reint nederlag for ein gammal hippi.

Dette med nytta av refleksvesten har eg tenkt mykje på. Eg veit med meg sjølv at det hadde vore det siste eg hadde hugsa om eg kom til ein ulukkesstad. For ikkje å snakke om dersom eg sjølv hadde vore innblanda i ei ulukke. ”Det sa pang, eg har vondt overalt, nakken er ugrei - men refleksvesten har eg!! Då så...” Eg er ikkje sikker på at ein sjølvlysande vest med Nynorsk Mediesenter er eigna til å berge liv.

Eg veit heller ikkje korleis det hadde blitt oppfatta om det på ein uoversiktlig ulukkesstad hadde virra rundt ei høg dame med ”Nynorsk Mediesenter” plastra over ryggen. Det er mogeleg det hadde vore god PR. At folk hadde fått inntrykk av at Nynorsk Mediesenter var ”først på pletten når det skjer”, men eg er usikker. Eg tvilar på om dei har tenkt over kva for omdømme dei kan få på seg som papparazzi på ulukkesstadar i fylket.

Men det får vere deira eigen sak. Eg har nok med å finne ut kva ein stakkar må gjere for ein gang å bli stoppa for å blåse. Det er gjerne slikt ein vil oppleve før ein dør.

Anne-Karin Misje
Med 20 blåsefrie år bak rattet