tirsdag 15. september 2009

To mus tett i tett…

Eg dreiv og rydda i boden forleden då eg med eit fann ut at husstanden no besto av fleire leigetakarar enn meg og kattane. Eg styra og basa, flytta på pakkar, snubla i esker med julepynt, og rydda i kransar med nek, blomer og tøymus. Då såg eg med eitt noko som hjernen brukte 3-4 sekunder på å registrere som ein del av verkelegheita. Midt mellom julepynten, nedst i eit slags røyr, satt det to kjempesøte, men fullstendig skrekkslagne markmus og kikka opp på meg. Dei satt liksom heilt i ro for å freiste å gå i eit med pynten, og passa så godt inn at eg nærmast trudde dei skulle være der. Eg sto ein stund og berre gapa, mens eg tenkte ”e det mus??”. Og det var det.

Eg fekk meg ikkje til å hyle og bere meg, eller svime av som eg som jente gjerne er forventa å gjere. I staden sto eg berre og mumla ”Neimen… ja men…neimen…ja men og helledussen??!” mens eg stirde på dei to stakkarane nedi der. Maken til håplaus situasjon kunne eg nesten ikkje tenkje meg. Ingen stader å springe, ingen stader å gøyme seg og ingen veg ut. Og eit to meters monster som stirde ned på dei frå den einaste utvegen frå toppen av røyret. Eg klarde ikkje mobilisere anna enn medynk med stakkarane, og var mest rørt over å ha to eksemplar av arten buande hjå meg utan at eg visste det.

Begge markmusa satt og stirde opp på meg og liksom falda nevane i angst mens dei trygla meg om ikkje å drepe dei. I alle fall tenkte eg meg at det var det dei med tankekraft sat og prøvde å formidle til det trollet dei må ha oppfatta meg som. Den eine skalv og den andre kneip att auga og openbert berre venta på smellen, som for dei to nedi i røret må ha fortona seg som uunngåeleg.

Lite kunne vel dei vete at dei denne dagen hadde vunne i Lotto. For dei hadde vanvittig flaks når dei hamna heime hjå meg. Skal ein som mus først gå seg fast i botnen av eit rør er dette rett adresse, for eg er så hjelpelaust blauthjarta overfor guds små og store skapningar at det var utenkjeleg for meg å ta livet av dei.

Men heilt alvorleg; kva kunne vel dei for at dei var fødd som mus? Ikkje hadde vel dei bedt om den lagnaden. Og kven er det vel eigentleg som har bestemt at om ein ser ein nokre mus så må dei drepast? Eg er overtydd om at dei oppfyller ein funksjon i skaparverket – kanskje langt meir konstruktiv enn mange andre skapningar. Og då tenkjer eg kan hende spesielt på at vi no lir oss gjennom nok eit valår, og seier ikkje meir om den saken. Men du skjønar sikkert kva eg meiner. Nok om det.

Så eg sto og stirde på dei små i røret, mens eg ransaka hjernen for ulike løysingar – som IKKJE innebar at liv skulle gå tapt denne dagen. Eg er jo på det reine med at det ikkje er ideelt å ha mus buande i hus. Men no har eg hatt så mykjer rart buande hjå meg at eg er vorten liberal. Eg tenkte ein stund på å hive dei ut. Men i det regnet vi har hatt på vestlandet den siste tida var det om mogeleg ein verre lagnad. Og korleis skulle dei finne attende til hybelen sin om dei vart kaste ut midt i monsunen? Eg hadde ikkje hjarte til å overlete dei til ein slik lagnad heller.

Dessutan var kjetta ute - ein smalauga drapsmaskin på konstant jakt etter underhaldning. Ho er knapt heimom på pit stop anna kvart døgn, og eg har sett resultatet av hennar jaktverksemd. Eg fann ein dag ein død fugl nedom hekken – med hovudet litt lenger borte i vegen. Det var ikkje nett noko Barne-TV for å sei det slik. Det var ein skjelsettande oppleving å sjå kva råskap som bur i desse mjuke kosedyra som stryk seg opp etter leggane mine på morgonkvisten for å tigge litt mat. For ein mus er det ein lagnad verre enn døden å komme i desse klørne. Som medlem av Amnesty utvisar eg ikkje heimlause individ til ein skjebne som inneber langvarig og pinefull totur med døden til følgje. Så å hive musa ut var ikkje noko alternativ. ­

Eg fekk elles ein mus i ”presang” av hannkatten ein dag eg kom heim frå jobb. Han gjekk stolt og hinta i retning musa mens han prata og mala. Han verka som han ville formidle at han hadde fanga denne nett til meg for å bidra til hushaldninga. Han var tydeleg stolt av fangsten, og eg har jo lese at det er viktig å skryte av kattane når dei kjem med…matauk…så eg rosa han og freista ta det heile med fatning. No er det stort sett edderkoppar som får meg til å frike ut, så eg løfta berre musa etter halen så snart han var borte og bar den på armlengdes avstand bort til bosset. ”Den kan NGIR få” tenkte eg og glisa, som takk for sist…”resirkuler den om de kan!”

Dei to levande markmusa i boden vart det elles slik med at eg fann ei løysing. Hannkatten gjekk rundt i boden og véra eit eller anna, så eg jaga først han ut. Deretter slekte eg lyset, låg røret med musa litt på skrått på golvet, lista meg baklengs ut og lukka døra. Dersom dei hadde nokre gram av vét, og det rekna eg med dei hadde, tenkte eg at dei ville vere borte neste gang eg kom. Og ganske riktig; dei er no borte og problemet er laust. Utan tap av liv og grell valdsutøving.

Eg er klar over at ikkje alle ville valt same strateg i ein tilsvarande situasjon. Spesielt her eg bur midt i hjortejaktland med eit utal staute og hardbarka karar vert eg...på det nærmaste diagnostisert når eg fortel om denne museepisoden. ”Du gjorde ikkje det?!” sa ein kamerat som meinte at eg mest ikkje kunne vere i balanse som handterte museepisoden slik eg gjorde og let musa gå. ”Jo tenk” svara eg. Sanninga er vel at eg nok aldri har vore så ”i balanse” at eg har vore i stand til å ta liv, kan hende med unntak av edderkoppar og fisk.

Så no er vi fem leigetakarar i Øvre Stølen. To kaldhjarta kattjævlar, to småmus med hjartet i halsen og meg - med hjartet på rette staden. Og det er eg helt komfortabel med, så fremt dei ikkje held meg vaken om natta. Og det har dei ikkje gjort til no. Så då…

Anne-K.Misje
Med ubrukt musefelle under vasken