fredag 12. november 2010

40 års krise – i ein fa(de)rlig fart

Det er mangt ein finn på når ein rundar førti. Karane kjøpar seg cabriolet og får seg øyredobb, kjerringane går på tankefeltkurs. Rad på rad med karar, bannande i regnvér, rad på rad med kjerringar som pikkar seg i panna og ventar på klårsyn.

Nokre karar byter ut kjerringa på førti med to på tjue. Dei skal finne seg sjølv og leiter etter nokon på sitt eige mentale nivå. Andre får seg motorsykkel eller tek opp golf. Eg tykkjer golf er for pappagutar med genser, og for folk som ikkje kan gå på tur på skapleg vis. Så då eg runda førti vart det motorsykkel. Slett ikkje planlagd, men eg kom borti ein kar som ikkje berre hadde glimt i auget, men også motorsykkel i garasjen.

Sjølv hadde eg aldri satt på ein. Motorsykkel meiner eg. Eg var i ungdomstida meir oppteken av hestar enn hestekrefter, så i første omgang vart det å sitje på. Og; klore meg fast medan livet passerte revy. For karen med glimtet hadde eit ”raoskinn” av ein 1200 kubikk BMW RT som berre flisa forbi det meste. Det fann eg ut då eg var vitlaus nok til å bli med på MCtur på kontinentet.

Oppvarminga til to veker på autobahn i hundre og førti, var tre turar til Dingja i seksti. Karen attføre, fri og lukkeleg, eg bakpå; stiv av skrekk. Du skjønar sikkert no kva som låg framføre meg der det stunda mot ferietur på kontinentet. Det gjorde ikkje eg.

Det heile starta pent. Gulen - Dalen vart gjort unna på ein dag. Eg sat i nyinnkjøpt MC dress med fartsstripar, hjelm og hanskar. Eg var skeptisk i starten, men tødde gradvis meir opp. Det var kaffipause på Kvamskogen, og ferjepause på Kvandal. Det vart kinamat i Odda og alt gjekk som ein draum. Eg byrja bli kjepphøg. No var dødsskrekken erstatta med dødsforakt, og eg var særs komfortabel i MC dress. Eg hadde kvilepuls i høg fart, og måtte vi bremse opp, tok eg berre verdsvant tak i bøylane under setet og haldt att.

Eg hadde vorten hardbarka på rekordtid. I det vi kryssa vasskiljet var det ingenting som skremte meg, og eg glisa der vi for forbi bil etter bil, med bilbelte og airbag. Bilar var for bestemødrer, og kallar med slips. Det vart ein stopp på Haukeli - og so var vi brått i Dalen. Vi sala av, gjekk i baren og tok dernest tidleg kveld.

Neste dag bar det til Larvik og over dammen til Hirtshals. Nok ein dag utan nemneverdige hendingar. Kan hende med unntak av då GPS-en sendte oss inn på ein motorveg i feil retning. Då vart eg ein smule stressa, men det ordna seg og då slappa eg av. Eg var langt tøffare enn eg burde, og eg nynna i hjelmen der eg satt.

Dag to vart feira med Cognac på eit motell, og neste dags etappe vart drøfta. Eg var verdsmeister, og snart vart det ein Bache Gabrielsen til. Og dernest eit par av venene hans ”for the Road”. Stemninga var upåklageleg. Kvifor ikkje heile VERDA køyrde motorsykkel skjøna ikkje eg. Bilar var no for kjerringar, pinglar og folk med flass. Eg skulle definitivt selje min så snart eg kom heim.

Dag tre gav vi oss i kast med motorvegen - med langt meir lausslepne fartsreglar enn heime. Det var her eg vakna. So langt på turen hadde det gått i eit relativt sosialdemokratisk tempo. Men på motorvegen sørover gjekk det fortare og fortare. Eg slutta å nynne, byrja å svelgje og kjende meg med eitt litt betenkt. Så rynka eg augnebryna. Ditta var ikkje bra…

Eg var i utgangspunktet litt øren etter ein kveld med celebert besøk (Bache Gabrielsen m/familie) og no gjekk det LITT fortare enn eg var budd på. Eg freista signalisere til han framføre, men eg torde ikkje sleppe taket for ikkje å fly AV. Kva skulle eg gjere?

Før turen vart det kjøpt inn GPS - ikkje intercom. Dette er typisk gubbelogikk; ein kjøper GPS så ein finn fram - ikkje intercom så ein får ferien øydelagd av kjerringgnål. Så der sat eg. Stiv av skrekk att og utan høve til kommunikasjon. Eg fresa som ein lemen inni hjelmen. Han klappa meg på låret og ga gass. Eg brølte høgt og skingrande, han køyrte sorglaus vidare. Eg kneip han i sida. Han kneip meg på låret. Eg var panisk. Han var King of the Road.

Vi flaug av garde i venstrefila og eg kikka over skuldra på speedometeret. 130 km/t. Ikkje kunne eg gå av og ikkje fekk eg stoppa. 140 km/t. Eg var stuck. Mr Bache og familien banka jamt og trutt bak panna. Eg fekk problem med å puste. Eg opna visiret og fekk luft. Det lukta gylle i heile EU. Eg lukka att med ein smell.

145 km/t var snittfart no. Eg lukka augo. Eg torde ikkje meir. Kva er det eigentleg å sjå i Europa? Korn, vindmøller og kyr. Ingenting vi ikkje har heime. Like greitt å lukke att. Eg glipa med augo og duppa. Det gjekk også heilt greitt. Ein stad inni hjernen er det noko som har skjønt at det ikkje er så lurt å falle av.

Men det er ein ting med MC folk. Uansett kor opplasta sykkelen er, og same kor fort det går; dei helsar karsleg på andre motorsyklistar. Det er kode. Det spelar inga rolle om dei ligg i hundre eller to hundre – helsast skal det same kva. Om sykkelen er nedlest til brestepunktet, du balanserar med eit naudskrik bagasje og passasjer, og du ligg midt i ein sving i 150 km/t; du slepp eine handa frå rattet og helsar. Kult og karsleg. Og det gjorde han attføre meg. Kvar gang, midt i svingar og i høg fart. Eg haldt pusten.

Så slapp eg han ut. Sånn som dette kunne eg jo ikkje tilbringe to veker på vegen i Europa. Då kunne eg berre ta flyet heim att, ligge i Sollibotn og lese ein bok. Sole meg og køyre safe. Eg grov fram rockaren i meg. Eg lika jo fart for svarte! Eg tvang meg ned i kvilepuls. Byrja vinke og helse eg og. Såg meg rundt i landskapet. Dette var eigentleg livet. Og då det korka seg på motorvegen og vi hang oss på tre Harleyar som brøyta seg fram mellom køane, var livet faktisk hakket kulare enn om eg hadde satt og trøkka i ein bil. Eit indre smil byrja bryte seg fram. Kvilepuls i 150 km/t. Eg kjende at det var meg. ”Ein gang rockar alltid rockar”… Eg glisa.

På ein lokal veg tok eg av meg hjelmen og let håret flagre i vinden. Kjende meg glad og i live.Det første truleg på grunn av det siste. Eg lukka augo og sola varma i ansiktet. Vinden kjøla ned hovudet, og jaga Gabrielsen på flukt. Vi kryssa bruer og var i Holland. Det var sommar og sol, Amsterdam og kanalar. Vi vitja slott i Tyskland og budde på ”Biker&heksehotell” i Mozeldalen. Vi tråkla oss gjennom Europa og eg storkosa meg. Vi kom heim att i live og hadde hatt det kjekt.

Eg har ikkje selt bilen. Men ferie på motorsykkel er noko ein skal unne seg før ein døyr. Utan har ein ikkje levd. Så det vert nok MCtur til neste år og. Med eller utan Intercom…

Anne-K. Misje, Gulen