tirsdag 29. desember 2009

Tuppa på tur – til 1001 natt

Eg heldt i haust på å misse vitet av dritvéret på Vestlandet. Så eg booka meg ei veke i Egypt, pakka snorkelen og gleda meg til varmt vatn og 25 grader i skuggen. Turen vart eit lynkurs i orientalsk mystikk, musikk og arkitektur, og eg fann meg heilt til rette. Etter nokre kurs i magedans for å få skikk på ryggen er ikkje lenger arabisk musikk heilt framand for meg. Men du får meg ikkje inn i burka. No var det ikkje mykje burka å sjå i badelandet Sharm-el-Sheikh, der er det vestlege badegjestar, og nyrike russarar som rår.

Turen vart elles eit ubehageleg møte med eigne fordommar, som eg ikkje trudde eg hadde. Eg reknar meg som eit tolerant og nysgjerrig menneske i møte med framande kulturar. Men også eg er sjølvsagt redd terroristar. Og koplinga ”muslimsk land” og ”terrorisme” var på ein eller anna måte linka i hop bak i ein meir grumsete del av hjernen - godt hjelpt av media, Bush og Frp. Eg hatar å innrømme det, men då det sat ein nervøst utsjåande fyr av utanlandsk opphav i gate 31 på Flesland, med ein koffert på fanget, eine beinet nervøst vippande, og eit utprega jaga blikk - då likte eg meg ikkje.

Eg likte meg enno mindre då fyren sette seg bak i flyet mitt, og det like etter kom to imamar og sette seg framme. ”September-eleven” kjensla kom snikande, og eg studerte tryggleiksinfo og sjekka nødutgangar som ein overivrig student. Ein reprise av ”Flight United 93” surra i bakhovudet, og i kombinasjon med ein moderat grad av flyskrekk kjende eg terrorangsten komme sigande.

Reisefylgjet Mona sat uanfekta i setet ved sidan av og las vekeblad. Ho er av Torvundsk bondeslekt og tek difor det meste med fatning. Dei er truleg gjennom fleire generasjonar med stødig avl fritekne frå den overaktive fantasien som plagar meir tilfeldig kryssa byfolk, og som resulterer i ein plagsam evne til å dikte opp katastrofescenarier i utrengsmål. Mona las aviser og vekeblad og såg korkje imamar eller terroristar. Nødutgangane visste ho kvar var frå før, og om eg ikkje roa meg rauk eg vel ut av ein av dei.

Eg fann likevel trong for å dele min bekymring for eit mogeleg nært føreståande første terrorangrep på norsk jord. Ho sette opp det der ”No har vitet beint forlete ho”- blikket ho ofte set i meg, og returnerte til vekebladet utan kommentar. Eg tenkte at her må nokon berre ta ansvar, og byrja snekra slagplan. Om imamane eller terroristen så mykje som lea på seg for å rette på fezen (eller turbanen – eg veit ikkje kva hovudplagget deia heiter) var eg klar til aksjon. Før dei fekk trengt seg inn i cockpiten og gjort meir skade.

Mentalt sjekka eg utstyrslista for noko å avvæpne terroristar med 8000 fot over Hardangervidda, men nei. Ingenting. ”Har vi nokre våpen?” kviskra eg til Mona. ”Snus og ein nasespray” svara ho tørt utan å sjå opp frå vekebladet. Det var ikkje rare greiene, og ingenting mot det arsenalet av eksplosiva eg såg føre meg var om bord. Slept gjennom av tryggleiksvaktar meir opptekne av å stagge byfolk med bøyle-BH, eller småbarnsmødrer med 125ml barnemat. For grensa er jo 100ml må vete. Men ein koffert full av dynamitt var dei ikkje i stand til å fange opp, innbilte eg meg. Så her var vi, på veg mot den visse død i norsk luftrom. Eg las inn testamentet på mobilen: Hege får bilen, moderen kattane og staten studiegjelda. Møblane får dei slost om.

Turen til Gardermoen gjekk som du sikkert har tippa heilt utan overraskingar. Imamane sat roleg og drøfta…været, eller kva veit eg. ”Terroristen” las VG og drakk kaffi. Eg reviderte verdsbiletet mitt, og funderte over den mental balansen hjå meg sjølv. Det var ein nedslåande øving.

Snart var vi på veg til Egypt. Som sardinar i boks på eit charterfly. Mona rekk meg omtrent til navlen og hadde sjølvsagt ikkje tenkt på å booke seter ved utgangen så eg kunne få plass til mine 185cm med bein. Med gjeldande normer for beinplass på charterfly hadde eg knea planta i nyrane til stakkaren føre meg, og leid om han ville legge setet bakover. Der fins ikkje plass, og eg pressa i mot eitkvart forsøk på auka komfort på min kostnad. Det var eit 5 timars mareritt. Som heldigvis lot seg døyve med litt taxfree, og der løna var at vi til slutt kom ut til ein triveleg og langt varmare plass.

Eg vart fascinert av interiør og arkitektur på hotellet. Orientalsk, vakkert, og velsigna forseggjort for nordmenn som til vanleg vert utsett for humørlaus nordisk funksjonalisme. Eg drøyma meg attende til 1001 natt, og kjende meg merkjeleg heime. Som om eg skulle ha levd i eit arabisk land i eit tidlegare liv. Det var visst fleire som vart ramma av slike kjensler, for Mona proklamerte med eitt at ho hadde vore her før. Ikkje på ferie, men i eit syn der nett vi to var på nett dette hotellet, og i nett dette rommet. ”Eg har ein sånn Deva-ju no” forkynte ho. ”Déjà-vu meiner du?” spurde eg hjelpsamt. Det blikket hennar kom att, og ho såg oppgitt på meg. ”Ditta e Sogning” sa ho strengt og skulle ha seg fråbeden at eg masa om rettskriving i ein slik stund.

Begge hadde ein merkjeleg kjensle av å ha vore der før. Eg såg føre meg Aladdin og anden i lampa, Sinbad sjøfararen og Ali Baba. Mona såg føre seg dei 40 røvarane og stappa alle verdisakene sine i ei veske ho hadde limt te kroppen resten av opphaldet. Eg stappa Visakort og pengar i BHen og var klar til å gå. ”Skal du ha dei der??” spurte ho himmelfallen. ”Så veit eg kvar eg har dei” svara eg ”og prøver nokon ta dei frå meg, vil eg i alle fall merke det”. Vi trong ikkje bekymre oss. Det var vakthald overalt i Sharm etter eit terrorangrep for nokre år sida. Turistane vert høflig passa på så ingenting skal skje oss, og overalt var det venlege og hjelpsame menneskjer. Venlege, smilande og hjelpsame muslimar.

Det var omtrent her det small då eg møtte meg sjølv, Bush og Frp i døra. For kven var det som vart skada og drepne i åtaket i Sharm? Ikkje vestlege turistar, men vanlege egyptarar som jobba i resepsjonen på hotellet der det small. Muslimar alle som ein. Med koner og ungar heime, som no står utan fedrar og brør på grunn av hjernevaska sjølvmordsbombarar. Så dei er minst like redd for terror som oss. Og dei har grunn til det. Det har i praksis ikkje eg, bortskjemt busett som eg er i verdas mest fredelege velstandsidyll.

Men ikkje berre er muslimane ofre for terrorisme, og lever i stadig frykt for åtak. Dei vert på toppen av det kollektivt mistenkjeleggjort og halde ansvarleg for terrorismen. Og kollektivt bedne om å ta avstand frå den. Det absurde i dette gjekk omsider opp for meg i Sharm.

For dette er som om Knutsen og Nessa skulle trappe opp sine stunts frå å vifte med dokkar, til å blåse abortklinikkar i lufta – og eg som moderat kristen med sørgjeleg passivt medlemsskap i statskyrkja, vart beden om å ta avstand frå det. Eg meiner; hallo??! SJØLVSAGT tek eg avstand frå det! Noko anna ville vore uhørt! Å bli assosiert med fanatikarar som bruker religion som alibi for eigen maktutøving og meiningslaus vald mot uskuldige er direkte krenkande! Oppegåande, siviliserte menneskjer tek avstand frå meiningslaus vald mot uskuldige. Og det gjeld kristne så vel som muslimar.

Så…utstyrt med eit meir nyansert syn på kven som eigentleg utgjer vondskapens akse, veit i alle fall eg kvar eg skal tilbringe pensjonisttilværet. Det vert med snorkel i Raudehavet omgitt av fredelege og venlege muslimar. For med dritvéret vi har hatt på Vestlandet i haust, er eg meir redd global oppvarming enn terror.

Anne-K.Misje
Framtidig klimaflyktning




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar