mandag 21. juni 2010

Ein dag i badeland

For nokre veker sida var eg tante for ei helg, noko eg sjølvsagt set stor pris på. Eg byrja med ein gang å legge program for helga, for står ein utan program i tre dagar med ein aktiv femåring på handa…då slit ein. Det er jo lovfesta at når ein er på besøk hos tanter skal det vere gøy dagen lang. Det er berre reglane som er sånn.

Så eg organiserte vitjing til vener med barn i same alder, la planar for tur i skog og mark med niste og kakao og fann fram alt eg hadde av leikar og teikneutstyr. Det var ikkje stort. Eg skanna HAFS regionen for eit oppegåande badebasseng, men det vart ein nedslåande øving.

Nett denne helga fans det ikkje eit ope basseng i Ytre Sogn og Nordre Hordaland. Matre var stengt grunna oppussing, og Gulen har ikkje basseng. Haugland var under oppgradering, men bassenget i Lavik var oppe. Berre ikkje laurdag når folk har tid til å bade, men onsdag frå kl. 9 til 10. Det var gammalt og stengt over heile linja. Eller ope i arbeidstid og tilgjengeleg for skuleborn, heimeverande og pensjonistar. Dei einaste som aldri fekk bruke bassenga såg det ut til, var den yrkesaktive delen av befolkninga, same gjengen som betaler for gildet. Det vart til slutt bassenget i Førdehuset. 5 timar i bil med ein 5 års gamal pjokk for å få bade i 1 time. Det er Velferdsstaten på Vestlandet anno 2010.

Heldigvis er Sjur ein tolmodig unge. Vi talte grøne bilar, og raude bilar, busstopp og fjøs. Omsider kom vi fram, og då han traff vatnet var det som om det skjedde ein kjemisk reaksjon.

Han fossa rundt som ein gal og jogga i barnebassenget mens han smilte frå øre til øre. Fordi eg hadde småtroll med meg var vi ikkje forvist til det store kalde symjebassenget der eg plar vere, men i det små VARME barnebassenget ved sidan av. Dette var himmelen for ein forfrosen og støl kropp. Eg sank nedi og satt salig i varmt vatn. Dette er ein luksus som småbarnsforeldre får som bonus, men som vi andre er uvitande om. For meg var det reine SPAen. Sjuren fekk no dure rundt til han brann ut - eg hadde ikkje tenkt å flytte meg.

Etter 2.5 time kom klorforgiftinga snikande og eg vart øren. Då skulle Sjur renne i vannrenna. Eg hadde aldri prøvd, og visste ikkje om han hadde det heller, men han ville no opp. Så ville han ned. Ned trappane. Utsikten til å forsvinne ned i eit blått røyr og ikkje vite kor ein forsvann vart for sterkt og han seig stille baklengs ned att. Eg tykte det var leit for guten å ikkje meistre noko han innerst inne hadde lyst til. Kva om eg for fyst? Jo det var stas. Då kunne han jo sjå koss deg gjekk med meg først og så ta stilling.

Eg hadde jo aldri rent i renne før og var sånn måteleg høg i hatten. Eg er ikkje nokon supermodell og såg føre meg diverse scenarier. 1. At eg vart sittande fast. 2. At eg ikkje vart sittande fast, men derimot kom opp i ein sånn fart at eg kvelva heila renna. 3. At eg tok att nokon smårollingar og sendte oss alle rett i drukningsdøden i 100 km/t i bremseområdet.

Følgjande skjedde. Eg er høg. Såpass høg at eg ikkje kan sitte vertikalt i røyret. Litt enkel innføring om slike renner for dei uinnvigde: sitt du rett går det roleg – ligg du går det svinaktig fort. Det visste eg ikkje då, for dette var for jomfrutur å rekne. (Ikkje slik jomfrutur, men…du veit. Første gang i renne). Eg slapp taket frå toppen av renna, vippa på rygg og let det stå til. Vatnet tok tak i meg og eg FOR ned i gjennom i ein sinnsvak fart! Eg hugsar turen mest som eit samanhengande dødsskrik, mens blå plast for forbi i alle tenkjelege vinklar. Det bar ukontrollert gjennom svingar, litt bortetter og så gjennom nok ein sving - før eg runda siste svingen med eit hyl.

Det skulle eg ikkje ha gjort; eg skulle ha halde kjeften og lukka nase, øyrer og munn. For eg kom inn for landing i det som må vere ny fartsrekord i Førdehuset og styrta ned i bremseområdet så vatnet forsvann - ut av renna og ut over alle som sto i nærleiken. Eg havna først under vatnet (før det forsvann), og fekk klorvatn spylt opp i biholene, ned i halsen, og inn i dei inste delane av mellomøyra. Og elles opp i alle tenkjelege kroppsopningar. Og det med eit sånt trykk at eg hadde problem med både hørsel, balanse og fordøyelse i vekevis etterpå.

Eg kava meg forkommen ut av røyret. Då slo det meg; guten sto no att oppi renna og var klar til å følgje etter tante. I trygg forvissing om at dette skulle bli moro. Eg var garantisten for ein hyggelig oppleving i badet. Eg måtte få stogga han! Opplevde han ein slik nær-døden-oppleving som eg nett hadde hatt ville vi aldri få han i nærleiken av vatn igjen! Eg sjangla meg opp trappene for å stoppe guten, men det var for seint. Stakkaren hadde med falsk tryggleik stolt på tanten og satt utaføre. Eg svelga hardt og løp ned for å plukke opp ein halvdrukna unge med permanent vasskrekk som eg forventa å finne i bremseområdet. Eg fann ingenting. Eg såg han ingen stader. Panikken grep meg og for rundt som ei høns mens avisoverskriftene taut mot meg. Kvar var det blitt av guten??

Når du ikkje har eigne ungar har du alltid angst når du låner andre sine. Foreldra har også ein viss skepsis, men dei prøver å døyve den så dei får litt fri. Så dei overtaler seg sjølv om at det er trygt å låne vekk det kjæraste dei har til tanten. Du veit jo at du ikkje har den same kompetansen på området som foreldra, men du er vaksen og i jobb så du tenkjer jo at om du berre følgjer dei med blikket kvart sekund du har dei, så går det bra. Men det er nettopp det som er greia. Du må ikkje sleppe dei av synet. Ikkje eit sekund. Og spesielt ikkje i eit badeanlegg. Det var der eg hadde feila. Og no var katastrofen eit faktum. Eg sto med klump i halsen og stirde tomt opp i renna. Eg hadde rota han vekk. I eit badeland.

Då med eitt kom det ein pjokk rundt siste svingen. Sittande som ein konge i roleg tempo, med full kontroll og smil om leppene. Eg pusta letta ut og smilte. Herlig! Han var ikkje drukna og eg var ikkje heilt ubrukelig som tante. Og; han hadde turd å renne i renna! Og; det var gått bra! Mykje betre enn med tanten! Som berre hørte litt på eine øyret… Han bremsa pent med hendene, tok tak i kanten, vippa seg rundt; og ville renne EIN GANG TIL!! Hurra! Suksess!

Han rant ein gang og så ein gang til. Og så ein gang til og ein gang til. Og BERRE ein gang til og så SISTE GANG. Og så ALLE siste gang. Og så…ein gang til. Som var absolutt ALLER SISTE gang. Eg fraus og hakka tenner. Den aller ALLER siste gang ville eg gå heim. Eg var våt og kald og full av klor. Eg ville i badstu. Eg ville spise lunch. Og så hadde vi 2.5 time køyring for å komme heim att. Sjur ville berre renne i renne. Berre EIN gang til. Og det var GARANTERT ALLER siste gang. Eg vart apatisk. Eg hadde skapt eit monster.

Då vi omsider var på veg i dusjen tok eg Telemarknedslag på noko glatt på golvet og moste kneet. Det gjorde ingenting. For Sjur hadde hatt det kjekt og då har tante det kjekt. Sånn er reglane. I bilen heim kom det spørsmålet eg hadde venta på: ”Kan vi reise i badeland i morgon og tante Anne?” Røde auger i bakspeilet så forventningsfullt på meg. Småkvalm og tett i øyrene mumla eg svaret som måtte komme ”Klart vi kan…” Det er reglar for sånt når ein er tante.

Anne-K. Misje, Gulen

1 kommentar: