tirsdag 23. juni 2009

Julebrev Anno horribilis

Eg har alltid vore glad i jula, men no er eg glad den er over for denne gang. Eg pleier også vere glad for å få julekort med helsingar oppunder jul. Men no er det er ein juletradisjon eg skulle ønske at folk låg av seg.

Eg tenkjer på desse prektige julebreva folk driv og plagar omgjevnadene sine med. Eg får kvart år ei rekkje slike. Dei er alle som ein heimesnikra massebrev med glorete framstillingar av siste års karriereframsteg og luksusferiar. ”Sjå kor prektige og vellukka – og ikkje minst; normale vi er” skrik dei til mottakaren.

Dernest fylgjer dei stort sett same malen med opplisting av eiga suksess. Her er det først ungane sine framskritt på skulen som vert beskrive i detalj som om nokon andre enn ein sjølv har interesse av slikt. Dernest vert eiga framgang i jobbsamanheng og på fritida presentert, før ein peprar julebreva med glorete bilete frå årets feriar, barn & barnebarnsproduksjon og ulike festdagar.

Eg skjønar ikkje kva som får folk til å tru at andre kan ha interesse av desse sjølvskrytande presentasjonane av hendingar i eiga liv. Kva interesse eg skal ha av andre sine ungar sin framgang på skulen skjønar eg ikkje. Eg har ikkje ungar og vert med desse julebreva stadig påminna om det. Kva glede eg skulle ha av all denne venskapelege vellukkaheiten må fuglane vete. Skadefryd er jo den største gleda for dei fleste, og sjølvskryt smakar vondt. Så velmeinande julebrev frå slekt og vener er utelukkande eigna til å bli deprimert av.

Eg ynskjer meg i staden eit saftig julebrev som skildrar realitetane i eit heller dårleg år. Eit skikkeleg julebrev from hell – eller frå eit skikkelig dritår. Eit julebrev frå ”Annus Horribilis” som den engelske drotninga kalla det året då stallen hennar brann ned, og sonen herja rundt med ei gammal røy og mot einkvar fornuft krav å få skilje seg frå Diana som alle elska. Eit møkkaår i riktig kongelege termar. Eg ser for meg at det ville lyde omtrent som her:

”Julebrev frå eit helvetes møkkaår
Kjære vener. No står jula jaggu meg for tur att og det er tid for årets julebrev - eller same elendigheita som i fjor. Som de ser av dei avrivne bileta som ligg ved har gubben flytta i eit prekært anfall av 40-års krise. Han tilbringer jula på Tenerife etter å ha smelt den 25 års gamle sekretæren sin på tjukken under eit heller fuktig julebord. No skal han realisere seg sjølv og då har han ikkje lenger tid til meg og ungane. Før han drog klarte han å smitte meg med opp til fleire interessante sjukdomar, rakk å tømme felleskontoen og reinska huset for oppdaterte brunevarer. Vel, god jul til han og drit og dra.

Ungane har hatt eit helvetes skuleår med stadig meir forvirrande læreplanar og ditto karakternivå. Lille Ole har diverre blitt tukla med av den hyggelige, men diverre utprega pedofile trenaren i fotballaget og Lise har rota seg vekk med ein gift mann frå Toten. Ho har gitt opp skuletilværet for å gå framtida i møte som kassadame på Rema.

Sjølv har eg i jobbsamanhang prøvd å oppdatere IT kunnskapen min – berre for å slette backupfilane til hovedserveren på jobben. Oppsigelsesbrevet låg i postkassa då eg kom heim.
Då vi ikkje har hatt råd til utanlandsferie i sommar, sender eg to bilete frå nokre endelause veker på hytta med gamlingane. Hytta må nok seljast no som ein del av morroa i eit skilsmisseoppgjer.

De syns kan hende dette julekortet vart litt ampert. Eg kunne diverre ikkje brydd med mindre.
Under finne de fire bilete av kattane. Happy Skvett og God Jul…”

Eit slikt julebrev ville eg ha fryda meg over! Det ville fått smilet på plass att og eg ville følt meg mykje betre. Ikkje minst; det ville vere eigna til å få kven som helst til å føle seg som eit framifrå vellukka menneskje. Eg vonar difor slekt og vener no tek hintet, og sluttar plage meg med desse hekkans julebreva og heller sender med ein underhaldande julemail. Viss ikkje får dei kvar sin geit i julegåve til neste år.

Anne-K. Misje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar