- eller den gangen eg kom heim og hadde fått 57 nye leigebuarar...
Som pendlar hender det ofte at eg kjem att til leilegheita eg leigar sånn rundt midnatt. Dette er ein sårbar tid på døgnet der dei fleste søv, men der eg typisk må bere inn ein heil helgs innkjøp, hente post og bosspann og ikkje minst; rette opp alt som har blåse ned utafor i løpet av helga. Dette er også det tidspunktet der eg og andre pendlarar typisk oppdagar at lyset er gått, at dei er utan sikringar, og at naboen – som for lengst har installert automatsikringar – har gått og lagt seg. Då er det anten å legge seg i eit nattsvart mørke om ein er trøytt nok – eller i eit romantisk lysskjær frå stearin og peis om ein er vaken nok. Siste er relativt hyggeleg.
Men dette er også det tidspunktet der ein som pendlar oppdagar at noko i løpet av helga har sprunge lekk, og at vatnet har leke i fleire samfulle dagar. Eller at varmtvassbehaldaren er gåen, og har vore gåen sidan…om lag 3 minuttar etter at du for til byn på fredagen. Dette er mindre hyggeleg. Og nettopp her er det rom for fleire tragediar oppå kvarandre – for det er ikkje alltid at du oppdagar dette på kvelden når du kjem att. Kan hende er du så trøyt at du berre pussar tenna – i kaldt vatn - og deretter bikkar i bingen.
Det er når det skjer at du står der; måndag morgon, nyss oppstanden og på veg til jobb, og vatnet held litt over null grader. Og då står du der med håret rett til vers og med eitt akutt behov for ein dusj. Barskingane tek gjerne ”late som vi er på Hardangervidda” vrien og dusjar likevel. Ikkje so med følsame B-menneskjer frå byn. Vi er tøffe nok på kvelden, men skjøre som glass på morgonen. Eg høyrer til desse, og varmar i slike høve opp vatn i vasskokaren og bøttedusjar med såpe og sjampo på skapeleg vis. Men det er klassisk at pendlarar ved høve stillar kalddusja – eller alternativt; udusja enkelte måndags morgonar. Og då er dei gjerne litt meir surmaga enn andre som bur i oppgraderte bustader med alarm og varmtvasstank som verkar.
Ein sundag nærmare halv eitt var det så at eg kom til leigebustaden min, og oppdaga at eg hadde fått nye leigebuarar – 57 ubetalande beist for å vere heilt nøyaktig. Eg opna døra, og såg ned på noko svart som dekka heile golvet – utan at hjernen riktig klarte å registrere uhygga som rådde innafor. ”Kva i h…?” mumla eg, mens eg trudde hjernen var så sliten etter nok ein lang køyretur at den spelte meg eit puss i reine Indiana Jones stil.
For heile golvet var dekka med noko svart som kravla. Ved nærare augesyn viste det seg å vere ikkje mindre enn 57 feite edderkoppar som kjempa om plassen rett innafor døra. To ulike artar hadde eg, nokre levande, andre daude, eine arten drap og åt den andre og det var ein smørje av elende. Det hadde vore ein varm og lummer sommarhelg og det skulle ikkje undre meg mykje om edderkoppane desperat freista å komme seg ut i fridom og betre luft. Eg derimot sto som nagla. Eg jamra, kaldsveitta, ville svime av, vart kvalm, og trudde knapt det eg såg. Gjennom hjernen rasa det fleire alternativ til korleis gripe elendet fatt. Slik eg såg det hadde eg fire alternativ.
Eg kunne ringe vaktmeisteren eller teknisk på kommunen. Det var deira hus og deira ansvar, men vaktmeisteren låg no heilt sikkert og sov, og teknisk…vel, kjenner eg dei karene ville dei berre le og legge på og då ville eg jo vere like lang. Eg kunne låne ein hagle og bare skyte djevelskapen. Å låne hagle på nattestid er om lag like lett som få tak i sikringar, så det slo eg frå meg. Eg kunne sjølvsagt skrike og svime av på klassisk kvinnevis - det har vore prøvd før med vekslande hell. I mitt tilfelle ville det nok berre føre til at eg etter ein stund vakna opp att til same elendigheita, og med min flaks truleg med eit par edderkoppar i fjeset i beste ”Heime Åleine” stil. Også edderkoppar kan bli nyfikne og bestemme seg for å sjekke korleis det gjekk med deg der du låg.
Einaste vettuge var sjølvsagt å skru av alle kjensler, hente fram det vetle eg hadde av sjølvkontroll, trakke over dei, marsjere ut på toalettet og hente papir som eg væta – og så var det berre å skride til verket; å kverke edderkoppar og hive i dass. 57 feite, ekle edderkoppar, som knasar når du drep dei. Så det gjorde eg. Før eg gjekk og låg meg. Og prøvde å la vere å tenkje på kor mange andre som budde att i veggar og tak. Dernest sovna eg. Og vakna til ein varmtvasstank som var gåen...
Elektrikarar kjem ikkje før dei må, så det gjekk eit par dagar før det ringte på døra og ein av sorten sto utafor. Bikkja gnåla og på veg ut for å sleppe inn mannen spotta eg ein ny feit edderkopp midt i gangen. Eg runda den og gjekk mot døra ”Kom inn” sa eg, ”men eg oppdaga nett ein edderkopp i gangen, så du får ta dine førerhandsreglar”. ”Edderkopp?” sa mannen. ”Ja” sa eg og venta forståing. ”Lykkedyr!” sa elektrikaren og sprada inn. Og trakka uanfekta over jævelskapen eg hadde midt i gangen.
Eg veit ikkje kva som var verst; edderkoppen i gangen, eller elektrikaren på vaskerommet. Han vart så rar for meg at han no var i same bås med ein sånn der onkel som samlar på sjeldne blome, utstoppa biller og møll, og tilbringar feriane på nudistrand iført…stråhatt. Eg skreiv han liksom av der og då og smilt stivt og venleg til han var gått.
Når eg var liten var lukkedyr sånne små grøne og gull metallik dyr som gjekk på plantar og likna marihøner – bare at dei ikkje var raude med svarte prikkar. Vi samla på lykkedyr i fyrstikkesker med sukker. Kva det var godt for, eller kva vi skulle med dei veit eg ikkje. Og kva lykkedyra fekk ut av det må fuglane vete. Det er ikkje alt ein gjorde som barn som var heilt logisk. Ikkje som vaksen heller når eg tenkjer etter. Men drepe edderkoppar er rein fornuft. Spesielt når dei er i overtal. Eg kverka i alle høve mine utan skam. For eg tolererer ikkje individ som snik seg unna leiga.
Anne-K. Misje
Bergensar med opp til fleire liv på samvitet
tirsdag 23. juni 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar