onsdag 1. juni 2011

Flyt (eng. ”flow”) i nynorskens skog…

Flyt. Du veit…denne kjensla du får når du går og går, og kjem inn i din eiga rytme. Tankane vandrar og du nynnar ein låt som dukkar opp heilt av seg sjølv. Du pustar sakte og jamt, og før du veit det har du lagt fleire kilometer bak deg.

Flyt…gjennom skogen, du klatrar litt oppover, så er du på fjellet og ser ut over havet og øyar som blinkar i vest. Stillheita ligg som ei dyne rundt sjela. Berre du og ein einsleg ørn i akkurat same høgde. Sola som varmar, vinden som svalar, og sjela som fell på plass. Flyt.

Det var i alle fall tanken der eg basa meg oppover Flolidfjellet. Men her var det lite som minna om flyt. Dette var nærmare angina, og for ikkje å gløyme; gnagsår. Eg burde kjent det i det vi starta oppstigninga. Bomullsokkar og fjellstøvlar høyrer ikkje i hop.

Eg hadde lenge labba gatelangs i Gulen før urinvånarane -”Gulingane” som dei sjølv kallar seg - forbarma seg over meg. Ein kunne ikkje bu i fjell- og øyriket Gulen utan å ta seg ut i naturen! Eg trur dei hadde hatt ein slags rådslaging i trimgruppa, og fordelt oppgåvene mellom seg. Her vart det sikkert trekt strå. Mona trakk nok berre gras, og vart tildelt meg. Eg vart lokka med under dekke av å skulle ut på ”ei lita tur”, så her var vi; på veg lukt opp ei fjellside med livet som innsats. ”Eg, og meg og Mona” og elghunden Marco. Dei to lettbeint, tobeint og firbeint framføre, eg trebeint og halsande bak. I dårleg form, feile sko og definitivt i feile sokkar. Eg kjempa meg oppover.

Som byfolk flest tykte eg fjellheim gjorde seg best på postkort. Eg følte ikkje det vedkom meg. Byfolk går på slike fjell som har taubaner og kafé, og traskar deretter i kø på godt tilrettelagde vegar. Ikkje slik som her, der vi klatra oppover i noko som virka som eit elvefar. Her var det rett opp 410 meter, beina dirra og blodsmaken sto i kjeften. Og; stiar? Heng trur eg vi kallar det. Ur, tråkk og villniss. Eg kunne ikkje fjellet i Sogn. Eg sveva i livsfare, både innvortes og utvortes.

Langsamt gjekk det, og eg pesa og sleit. Mona trippa raskt og ledig attføre meg. Marco like så. ”Kjeme du?” spurte Mona irriterande muntert når eg sakka litt bak. ”Har du tenkt å DREPE MEG???” fresa eg attende, overoppheta og hissig som ein lemen. Ho sukka og sette seg. ”Og eg so tenkte me var nede att te kampen…” togg ho oppgitt på eit strå. Kva folk kan få seg til for å sanke to poeng. Ein eller annan stad låg det ein boks med ei lita bok og ein blyant der folk skreiv seg inn og fekk poeng. To poeng for å risikere livet i solsteiken. For Mona var det målet med turen. Mitt mål var…å ikkje døy.

Då eg omsider tok ho att var eg klar til å segne. Ho reiste seg og trippa vidare. Her var korkje rast eller ro. Sidan gnagsåra hadde byrja ved oppstigning, var dei no modna til to blødande blemmer på hælane. Smertene var kvalmande. Tunga limt til ganen. Sveitten rann inn i augo og flogane åt meg opp levande. Byfolk gjer seg ikkje godt i naturen. Og detta var definitivt ikkje flyt. Eg var amper og beint ut sutrete. Låta som no dukka opp var meir: ”Dag etter dag galningen sit oppe på fjellet og ser ned i dalen der han miste sit vit...”

Det vart vel ein time til med tungsinn og slit. Eg banna og sleit meg gjennom nynorskens skog. Kva so feila folk so gjekk timevis i fjellet fatta eg ikkje. Innelåst skulle dei ha vore alle som ein, og late oss andre vere i fred. Elitepress inn i mosjonsidretten. Birkebeinaren på tid, kva vert det neste?? Pressens faglege utval hindrar meg å setje på trykk alt som vart sagt på resten av turen.

Så, ikkje med eitt, men etter ein lang og strevsam tur, var vi oppe. Eg var utan ord. Utan pust også, men mest stum av andre orsakar. Utsikten! Panoramaet! Glitringa i havet langt der nede. Den friske lufta, og vinden som svala ned hovud og kropp. Sakte kom det sigande andre kjensler: Stoltheit. Meistring. Eit snev av angina. Men mest av alt; lette over å ha overlevd. Og; definitivt flyt! Eg kvein gledestrålande i: ”Eeeeg rota meg bort, før eg fann ein port, til nyyynorskens skooog! Sjølv Oddvaren hadde likt seg her! Her var flyt nok så det rakk for fleire.

På vegen ned fall eg ned i ei ur. Det gjorde ingenting. Eg låg på ei hylle på mjuk mose og var heil. Eg låg i grunnen godt. Eg var i grunnen så trøytt at det var umogeleg å reise seg. ”Berre gå du” sa eg til Mona. ”Eg kjem ned i morgon”. Ho sukka oppgitt og sleit meg opp. Vi stolpra oss ned att til sivilisasjonen. Det vil si; Mona nærmast løp for å rekke kampen - eg stolpra meg nedover som ein hoftepasient utan gåstol.

I dusjen neste dag fann eg ein flenge i sida. Den hadde eg ikkje merka at eg hadde fått. Eg hadde slitt meg opp mitt første Gulen fjell, og seinare har det blitt fleire. Ingenting toppar det. Enno hugsar eg kjensla frå Flolidfjellet. Flyt…i nynorskens skog.

Anne-K.Misje

Mona og Marco på Flolidfjellet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar