torsdag 12. desember 2013

Et annerleis Juleeventyr

av Anne Hopland

Eg skulle leggje meg her om kvelden då eg fekk ein slags klårsyn. Eg gjekk frå ei godt oppvarma stove, til eit godt oppvarma bad og skifta så til nattkjole -  før eg korsa meg for å gå inn på soverommet.

Eg bur med ein kar som likar frisk luft og som vil ha omnen av når han søv. Det gjeld om det så er midtvinters og minus 12 grader. Utan vert han tørr i nasa, tørr i auga, hostar og syt -  og slit seg mest gjennom natta.

Sjølvsagt er han allergisk mot kattar. Og då er det jo ikkje anna å vente enn at eg kom dragande til gards med to av sorten og berre så spørrade på han då han føreslo at dei kunne ”bu ute”.
Bu ute? Mine kattar?? I denne kulden?? Det var gløymesak.

Så der sto eg no. I minusgrader, berføtt – og då slo det meg; Eg e heilt feil kledd for anledninga!

For eg sto og fraus i ein tynn nattkjole i bomull, mens tilhøva i rommet tilsa Janus frå topp til tå. Helst med lue og vottar og skjerf. Kort sagt; her var så røffe tilhøve at parkdress var det einaste fornuftige.

Eg rygga ut att. Her var ikkje leveleg. Ikkje i bomull i hvert fall. Eg tok på meg Janus og prøvde igjen, men fann snart ut at eg trong vottar. Ein kan ikkje lese i minusgradar utan. Og eg trong ei god lue. Helst ei som dekka nasa der den stakk ut i permafrosten. For luft må ein jo ha.

Men eg slo frå meg å sende kallen i ei tidleg grav ved å la han vakne stirande inn i en Finlandshette på morgonkvisten. Folk har tatt kvelden av mindre.

Einaste lua eg fann var ein raud, lang nisselue. Og; raude vottar med kvit kant. Eg tenkte ”Skit, vi er i desember, et er snart jul; "Ho-ho!”

Heller nisselua enn den der russiske med flapp både foran og bak. Hadde kallen vakna og stira inn i bakhovudet på ei slik ein tidleg sundags morgon – gjerne etter ein sein laurdags kveld i heller lystig lag – då er eg redd han hadde trudd det kan hende var bestekompisen som låg der, eller ein annan kamerat.

Og eg ser for meg alle dei tankar og spørsmål eit menneskje kan stille seg dei minuttane han ligger sånn og lurer på kva slags kar det er som ligger på puta til kåna hans ein ellers velsigna vakker sundags morgon??

Og ikkje minst; korleis dette var gått til? Var det kan hende eit ”arbeidsmøte” som hadde utarta? Kameratsleg fellesskap som med eitt var blitt til noko meir litt ut på morgonkvisten?  Kvalane og spørsmåla eit menneskje kan ha og stille seg i ei slik stund ville tatt knekken på han. Eg ville spare han for slikt - eg valgde Nissen.

Så der låg eg no i mørkret. Iførd raud nisselue og matchande vottar, med Janus frå topp til tå. Og eg kjende meg uendeleg utilpass. No var eg riktig nok varm der eg låg, men framleis var eg heilt feil kledd for anledninga.

Her var ikkje rom for romantiske framstøt - det var klart. Sjølv som nygift par var brura no så godt innpakka at ho på det nærmaste var uinntakeleg.

Det var då det slo meg at sist jul hjå oss var sjølveste Nissen i ein tilsvarende situasjon. Han var også heilt feil kledd for anledninga. So pass at det fekk konsekvensar for pakkeutleveringa på sjølvaste julafta.

Eg hadde delegert ansvaret for Nissen til kallen. Han fekk alliere seg med naboen som spelar i korps (sånne har alltid ein nissedrakt på lur – det er ein del av uniformen). Så han fekk tinge nabo Arve som Nisse til julafta.

Sa eg...

En gang i september…

Nissen er jo pensum når du har småtroll i huset på julafta. Og her var huset fullt av folk og fe, gamle og ungar, fresende kattar, og to politihundar i kvart sitt bur.

Byfolk hadde pakka for Overvintring i Utlendighet og var førebudd på Alt. Dei hadde sett seg i bilar, trossa Storm og Rasfare og Vågd seg ut i Ytre Deler av Sogn og Fjordane – som vi veit er for vidarekommande. Dei var elektriske og kappa om kven som hadde hatt Den Værste Turen med Størst Overhengande Livsfare gjennom Rasutsette Stadar på E39. Ingen vann. Det blei uavgjort. Det var eit under at dei var i live...

Julaften kom med tindrande barnefjes, altfor for mykje mat og eit kaos av pakkar. Ungar med for mykje sukker innabords, som løp rundt og gaula, og altfor lang venting på Nissen.

 - ”Har du kontroll på Nissen?” kviskra eg til slutt til kallen når eg syns det hadde begynt å trekkje i langdrag. -”Er det Arve ?” fulgte eg opp.
Han såg på meg.

Det var då eg skjøna at noko var gale.
-”Nissen...?” sa han spørrende.
Heilt blank. Eg trakk pusten.

Ein eller annan stad mellom gårdsdrift og brøyting, avløysarlag, hjortejakt og forvaltning hadde eitt eller anna glippa stygt. Denne gangen var det Nissen. Det kunne ha vore kva som helst. 

Eg tenkte mykje. Og eg tenkte fort. Eg tenkte:
1. Aldri meir delegere vesentlege ting til Kallen. Og spesielt ikkje Nissen.

Så tenkte eg: Plan B: Har vi nåkon vi kan låne ei nissedrakt av litt brennkvikt? Næraste naboen Kristen kanskje? Eg er heilt sikker på at han har vore Nisse før.

Etter å ha pepra naboar med sms-ar på eit elendig mobilnett utan hell reiv eg opp døra til vaskerommet.

Eg var no på plan C:  Ein eller annan stad måtte vi ha nåko som kunne fungere som ei nissedrakt i ein krisesituasjon. Eg fann; ein blå parkdress, ein grønn Felleskjøpet kjeledress og; Finlandshetta. Ikkje i nærheten av nåko som ein gong likna på Nissen.

Den før nemnde Nisselua og vottane var i fjor på denne tida i fjøsen. ”Desse kjem eg aldri til å få bruk for, så dei kan eg no ha i fjøsen...” hadde eg i ein ljos augneblink tenkt. Heilt fatalt. Du kan aldri vete kor tid du får bruk for ei nisselue og eit par nissevottar.

Men; korkje parkdress eller Finlandshette held mål som Nissedrakt. Og kva med skjegget?
Eg måtte berre gje meg. Her var ikkje håp om å illudere nåkon Nisse.

Kallen hadde riktig nok skjegg, men han ville jo bli attkjend. Og dro han Finlandshetta over hovudet, ville folk tru det var ran. Unge som gamle. Kanskje ikkje broderen for han er jo i den bransjen. Som polis ville han berre stønne over å måtte jobbe overtid på nok ein julafta. Det er ikkje uvanleg i den bransjen. Men ein Nisse i Finlandshette ga jo ikkje den heilt store julestemninga. 

Så då var det plan D: Også kalt BRS: Bortforklaring for å Redde Skinnet, og samtidig berge julestemninga for dei små.

Så: etter litt kjapp krisehandtering lød det med eitt eit dunk utanfor inngangsdøra. Så ringte det på.

”Nissen!” skreik eit unisont ungekor tett følgt av eit par vaksne. Alle for mot utgangsdøra. Bikkjane bjeffa som besett.

Ingen reagerte på at Kallen kom inn i stua frå hagen.
- ”Kan det vere Nissen tru?” smilte han.
Du kan smile no Nissefar, tenkte eg. Nissemor skal ta deg seinare...

Utanfor høyrdes ville hyl og barnestemmer. Sjur hadde funne ein sekk med nåko oppi.
-”Nissen har vært her!” strålte han og kom inn med fangsten.
- ”Hæ??” sa eg vantro og så ut gjennom vinduet.

Ja så sannelig! Eg synest så tydeleg eg skimta nåko som for opp over himmelen. Og; var ikkje det der lyden av bjeller? Alle syns vi at vi høyrde nåko. Nåkon såg nokke og...
Og det var no som pokker at vi akkurat var litt for seine!?

Vi flokka oss rundt sekken. Oppi den lå det presangar. Og utanpå hang det eit kort frå Nissen. Sjur tok det og begynte å lese. Der sto det:

”Til Sjur og Mikal” Under sto det ei lang helsing:

”Ho –ho – ho!» sto det (det står alltid det når det er frå Nissen)
”No kan de tru eg har det travelt! (for Nissen i Sunnfjord snakkar nynorsk veit de)
«Her går det så det kvin i svingane og gåvene har aldri vore fleire eller større! Reinsdyra er reint utslitt!! 

De har vore flinke og snille gutar i  år. Mikal kan riktig nok slutte å knipe og bite Sjur, og leike med sine eigne leikar, men ellers har de vore greie. Difor vert det gåver på dykk også i år. 


Rudolf har diverre blitt halt då han kom borti ei av desse hersens vindmøllane folk sett opp overalt, og vi må vidare til Askvoll før det vert for seint. Det bles litt frå vest i kveld og vi skal heilt ut til Bulandet, så de kan jo tenke dykk sjølv. 


Difor rekk diverre ikkje Nissen å stanse på Lone denne gangen. Men eg lovar å komme til dykk heime hjå dykk i byn neste jul! Sett ut grøt som de pleier – det set eg stor pris på! 


God Jul!

Venleg helsing 
Nissen 

P.S. Rudolf helsar også (sjølv om det aset må halde seg på beina neste jul om han ikkje skal ende i suppa)…D.S 

- ”Korleis visste Nissen at vi var her tante Anne??” spurte Sjur.
- "Nei sei det” sa eg "det er vel same prinsippet som med Vårherre – begge veit alt, ser alt og kan være overalt på same tid”. Det er mest som eit trylletriks..."
-”Hm” sa Sjur. Det same tenkte eg. Så sa han ikkje meir, men var i full gang med å åpne gåver.

Og sånn blei julen på Lone redda i fjor. Nissen var gløymt. Alt var som det skulle være. Og det vart jul på Lone sjølv om Nissen var helt feil kledd for anledninga.

Med det vonar eg at alle har hatt ein strålande jul med alle nære og kjære.
Ein jul der alle, både store og små - og særleg dei som skulle være Nissar - var både skodd og kledd for anledninga.

Anne Hopland (tidl. Misje)
-som framleis leiter etter Nissedrakta...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar